Nye studentar og politiattest

Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg. Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- […]

Nykomlingar – i dag startar livet!

NRK-journalist Arve Uglum helsa dei nye studentane ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal 14.august 2017. Les gjerne talen nedanfor.   De har kanskje flytta frå ein større plass for å koma hit. De har kanskje hatt dykkar tvil om å flytta til ei liti bygd inst i ein fjord – og her står altså programleiaren […]

Den samfunnsforplikta høgskulen

På treningsfeltet i 1970-åra oppnådde det unge fotballtalentet legende-status ved å oversjå lissepasningar frå trenaren. I 2017 må ein ny og ambisiøs høgskule ta godt vare på lissepasningar. Av Gunnar Yttri,  representant i styret for Høgskulen på Vestlandet, forskar, Avdeling for samfunnsfag, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. Innlegget er fyrst publisert i Sogn Avis 12.juli […]

Kven i helsike var Lars Hille?

Kven i helsike var Lars Hille? Innleiing på fest ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, 16. juni 2017. Kjære alle saman! Den sjølvvalde tittelen for denne innleiinga er: «Kven i helsike var Lars Hille?» Historikaren Gunnar Yttri har blitt bedt om å seia nokre ord på denne festen ved Høgskulen på Vestlandet her ved Campus […]

Strukturreforma i historisk perspektiv. Dei nye høgskulane – akademiske springbrett eller regionale kraftverk?

Av Gunnar Yttri, forskar, Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.  Styremedlem,Høgskulen på Vestlandet Innlegg på konferansen «Fusjoner i høyere utdanning – på bekostning av distriktene?», 29. mai 2017  ved Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus   Lat meg få byrja med å takka Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus for å […]

Aldri hadde eg trudd at tre års utdanning kunne utvikle meg som person så mykje

Hald fast ved motivasjonen som førte deg inn i helse- sosialarbeidarutdanninga – hald fast ved viljen og ønske om å hjelpe både enkeltmenneske og grupper. Finn din plass, delta aktivt i å utvikle helse- og sosialtenestene vidare. Samfunnet treng deg! Dette var nokre av orda eg delte i høve den flotte markeringa av nær 100 nyutdanna […]

Kompetansekrav i høgare utdanning må avklarast!

I 2015 og 2016 har førstelektor og dosentar sitt faglege ansvar og fullmakter vorte søkt snevra inn av regjering, universitet og høgskular. Samstundes har førsteamanuensar og professorar sin posisjon blitt tilsvarande styrka og utvida. Retningsgjevande vedtak vert gjort utan grunnlag i gjeldande regelverk og utan omsyn til at nye forskrifter om ulike kvalifiseringsvegar og kompetanseformer […]

Skal HVL lykkes med sine akademiske ambisjoner, må det satses på kvinnene!

av Inger Auestad og Ulrike Spring   Før jul presenterte Khrono en undersøkelse laget for Akademiet for yngre forskere som viste at flere kvinnelige enn mannlige forskere fraråder andre fra å ta en forskerkarriere: Midlertidighet og mangel på trygghet var blant faktorene som ble nevnt som årsak. Denne usikkerheten rundt en akademisk framtid som kvinne […]

Deling som drivkraft

Høgskulen på Vestlandet blir etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Desse to setningane er henta frå fusjonsplattforma som den nye høgskulen skal byggjast på. Vi har føresetnader for å lykkast, men det fordrar at vi  koplar kunnskapsbygging med god bruk av teknologi.

Fagleg profil – Høgskulen på Vestlandet

Frå nyttår finst ikkje lenger Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Dei vert erstatta av den nye Høgskulen på Vestlandet. Ambisjonen er at den nye høgskulen skal bli universitet. Departementet sitt krav for at Høgskulen skal få bli universitet er mellom anna at ein har 4 doktorgradsutdanningar med eit minimum […]